Helle Utvær

Utvær var Helle sin første fulltangekniv. Saman med den kjente danske knivdesignaren Jesper Voxnaes ønskte vi å skape ein fulltangekniv som tok dei fine og funksjonelle linjene frå tradisjonelle skandinaviske knivar og tilpasse dei til eit fulltangeformat

TilbudNOK1 459,00 Førpris:NOK1 849,00 Rabatt -21% inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Utvær er i dag ein av våre mest populære modellar. Kniven syner at det er fullt mogeleg å bevare linjene og dei komplekse vinklane frå tradisjonell skandinavisk knivkultur i eit fulltangeformat - så lenge ein gjer mykje av jobben for hand. 

Skaftet på Utvær er kanskje det skaftet som vi pussar mest av for hand. Dette på grunn av dei bratte kurvene og komplekse linjene. Skaftet er ikkje spesielt stort, og passar difor best for medium til små hender, sidan ein god del av endestykket er eksponert.

Endestykket er konstruert slik både fordi ein skal kunne nytte det med tennstål, og for at ein skal kunne åpne nøtter og liknande med det. 

Bladet er forma som eit ideelt kompromiss mellom kontroll og størrelse, og har ein liten drop-point fram mot tuppen. 

Utvær blir frå 2020 levert med ei ny slire i vegetabilsk farga brunt lær der kniven sit ekstra djupt i for trygg oppbevaring. Slira har belteoppheng. 

********* 

Detaljar Utvær
Vekt 160 g
Stål Sandvik 12C27, rustfritt
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 105 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 105 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Jesper Voxnaes
Designår 2014

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.