Helle Temagami

2022-versjonen av den klassiske Helle Temagami kjem med Sandvik 14C28N rustfritt stål, for å tilpasse kniven til dei vanlegaste bruksområda.

TilbudNOK1 309,00 Førpris:NOK1 699,00 Rabatt -23% inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Temagami var den første kniven Helle utvikla saman med den internasjonalt anerkjente overlevelseseksperten Les Stroud. Modellen starta eit nytt eventyr for Helle med stort fokus på å kombinere tradisjonelle skandinaviske knivtrekk med meir robuste design.

Kniven er slik eit moderne design som flytta Helle langt framover på friluftsfronten. Ein Temagami-kniv kan takle dei fleste utfordringar som ein kniv skal takle. Dette er ein kniv som er utvikla av ein av dei fremste i verda på overleving i tett samarbeid med eitt av dei fremste miljøa på knivproduksjon i naturlege materiale i verda. 

Denne nye versjonen av Temagami kjem i 14C28N-stål og har kvass rygg slik at du kan bruke den med tennstål. 

Temagami er laga med ein halvfull-tange som gir eit godt grep utan at du må halde i metall, noko som er ein fordel i kalde omgjevnader. Samstundes er det nok metall i konstruksjonen til at ein er sikker på at dette er ein kniv som tåler ein del tøff bruk. Skaftet er laga for store hender. 

Skaftet inkorporerer både ein solid mage som gir godt grep og ein solid fingerstoppar som beskyttar brukaren. Bladet er stort og har klassisk skandinavisk slip som gir mykje kraft bak kvart drag med kniven.

Kniven kjem i ei klassisk, djuptsittande slire med dobbel saum og belteoppheng. Denne versjonen kjem ei slire med fargen Tan. 

*********

Detaljar Temagami
Vekt 155 g
Stål Sandvik 14C28N rustfritt stål.
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 110 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 120 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Les Stroud
Designår 2011 - oppdatert i 2022

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.