Helle Kletten ( MIDLERTIDIG UTSOLGT FRA HELLE )

Kletten er Helle sin første eigenutvikla lommekniv. Her får du ein kniv som i låst tilstand føles som ein fast, liten sportskniv. Med eit kraftig blad i klassisk laminert stål er dette ein særs stødig turvenn som tek minimalt med plass i lomma.

TilbudNOK1 249,00 Førpris:NOK1 549,00 Rabatt -19% inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Kniven er forma slik at ein trass størrelse får eit særs godt grep med tre fingrar rundt handtaket, og ein liten fingerstoppar fremst. Kniven er liten og robust, og det nydelege treskaftet gjer til at ingen kniv er lik. 

Mange plassar i Noreg har ein ein liten "klett" som dei lokale nyttar til dagsturar eller ettermiddagsturar. Det er nett slike turar og små kvardagseventyr Kletten er designa for. Det er kanskje difor den vart særs godt mottatt internasjonalt og mellom anna hamna på Gearpatrol si liste over beste nye knivar for 2020. 

Kletten blir levert utan slire men med ei lærreim til å henge i beltet eller rundt halsen om ein ikkje vil ha den i lomma.  

**** 

Detaljar Kletten
Vekt 84 g
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 2,7 mm
Bladlengde 55 mm
Konstruksjon Foldekniv
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 80 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2019

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.