Dele

Da Helle laga den første kokkekniv på 60 år var det dette de hadde i tankene

TilbudNOK1 795,00 Førpris:NOK2 399,00 Rabatt -25% inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Dele vart utvikla over ein periode på 24 månader, og vi kan no endeleg stolt seie at vi har laga eit verktøy som bygger bru mellom kjøkkenet sine avgrensingar og naturen sine underverk. Kniven er laga for å motstå tøffe påkjenningar ved utandørs matlaging og sjå bra ut medan den gjer det. Namnet Dele med si doble betydning på norsk passar godt inn i vår visjon for den første kokkekniven frå Helle på 60 år. Dette er eit verktøy som skal brukast når du lagar eit måltid – anten rundt bålet, grillen eller på kjøkkenet –  saman med dei som er viktige for deg.

Det høgpolerte knivbladet i 12C27-stål sikrar sylskarp ytelse og enkel oppkutting av all mat du måtte finne på å teste den med. Samstundes har bladet ein tjukk nok rygg til å takle hakking og hardare kutting. Inspirasjon til utforminga av bladet fann vi ved å blande forma til ein tradisjonell europeisk kokkekniv og ein Santoku. Ved å kombinere kvalitetane til desse to kjøkkenknivkulturane, trur vi at vi har funne eit blad med akkurat passe størrelse og form, som gir deg ein god balanse mellom kontroll ved findeling og kraft for større opphakking. Ettersom det er ein kokkekniv, kjem Dele med full flat grind-sliping.

Det ergonomiske skaftet er inspirert av Helle sine tradisjonelle utandørsknivar, og gir eit komfortabelt og sikkert grep, slik at du kan takle alle kulinariske utfordringar med sjølvtillit. Den flate støtta mellom skaftet og bladet gir eit sikkert frontgrep når du skal hakke lauk eller andre grønsaker. Det fyldige skaftet sikrar samstundes eit komfortabelt grep ved tyngre skjereoppgåver. Skaftet er laga i vårt favorittmateriale  masurbjørk. Bjørkeved har gode antibakterielle eigenskapar, ligg godt i handa – og som ein ekstra bonus har det individuelle mønsteret til masurbjørka den funksjonen at ingen knivar ser like ut.

Standardversjonen av Dele kjem med ein bladbeskyttar i lær som du enkelt kan setje på kniven om du planlegg å transportere den  anten du lar den ligge i skuffa, tar den med deg på kulinariske eventyr eller når du skal ut på tur.

Ønskjer du ei oppgradert og eksklusiv slire, har vi laga eit nytt Helle Knife Cover som passar perfekt til Dele. Denne knivmappa beskyttar heile kniven, og du kan enkelt henge den opp på kjøkkenet, hytta eller leirplassen. Helle si knivmappe passar i tillegg til mange andre av våre klassiske modellar.

****

 Detaljar Dele
Vekt inkl. bladbeskyttar 205 g
Stål Alleima 12C27-stål, polert, 59-61 HRC
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 160 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk og vulkanfiber-innlegg
Skaftlengde 115 mm
Sliremateriale Ekte lær
Design Helle
Designår 2023

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.